Kurs, konferanse og leirskole

Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner L. Alsén

Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner L. Alsén

Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner L. Alsén

Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner L. Alsén

Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter har gode fasilitetar for overnatting. Senteret har åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Leilegheitene er heilt nye og moderne. Kvar av dei inneheld fullt utstyrt kjøkken, bad med dusj og varmekablar i golvet, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Ein kan sjølv velje om ein vil leige ei heil leilegheit, eller eitt eller fleire rom. Sengene er nyoppreidde og klare til bruk. Leilegheitene er utstyrte med fjernsyn, kjøleskåp, oppvaskmaskin og eit fullt utstyrt kjøkken, tilrettelagt for sjølvhushald.

Runde Miljøsenter er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping. Konferansesenteret har kapasitet til 70 personer, med auditorium, konferanserom og et selskapslokale med god mat. Våre konferanseverter gjør sitt beste for at du får et eventyrlig opphold på Runde. Les mer

Christineborg Gjesthus

Christineborg Gjesthus

Runde kystleirskule – Christineborg Gjesthus
Runde kystleirskule har teke i mot leirskuleelevar heilt sidan 1979. Gjennom 30 år med leirskuledrift har om lag 50 000 elevar vore innom skulen og fått lære om livet på Runde; havet, fjøra, fuglelivet, plantelivet og ikkje minst historia til menneska som bur her.

Leirskulen er lokalisert i lokala til Christineborg Gjesthus på Langeneset på Runde. Her tok nye eigarar over i 2009, og sidan då har det vore gjort eit stort arbeid med å pusse opp og oppgradere anlegget. Christineborg Gjesthus tilbyr opphold med overnatting, matopplevelser, utflukter mm. Les mer

Advertisements